Foto: Jorunn Løvlie

Vil du synge i Bygdelagskoret Blåne?

Kan hende veit du ikkje enno kor glad du er i folketonane våre, og kor mykje spennande folkemusikk det går an å utforske i kor? Blåne er eit av dei få kora vi veit om som nesten berre syng folkemusikk, gjerne arrangert spesielt for oss av vår dyktige dirigent Anne-Line Sandegren (i permisjon dette semesteret).

Vi tek inn nye songarar etter prøvesong for dirigenten. Du er velkomen innom for å høyre på, og finne ut om dette er noko for deg.

Ta kontakt med post@bygdelagskoret.org , send oss ei melding på Facebook eller kontakt eller leiar Guro Berge Smedshaug tlf 97 19 21 08.

 

 

Vi øver i
Nordahl Bruns gate 22
Når
Mandager 18.45–21.15

Følg oss på sosiale media