Kåseri og konsert: Tonearv / Hillborg Romtveit og Trygve K. Vågen

Korleis kan me kjenne att Vest Telemark-dialekten i dans, song, spil og kledebunad?

Trygve K. Vågen og Hillborg Romtveit har vakse opp i rik Vest-Telemarkkultur med hardingfelespel, kveding, dans og kledskikkar. Dei har gjeve ut tri cd plater, Trygve si dokumentasjonsplate «Gibøspel» (1993), Hillborg si utvandrarplate «My mother’s tears» (2002) og generasjonsplata: «Dropar til songhavet» (2007). Hillborg har skrive bok om gamle brullaupsskikkar og Trygve har skrive bok om spelemannen Jon Kjos.
Dei er gifte og bur på den veglause garden Austli på Møsstrond der dei var med i NRK programmet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» i 2015.

Årestoga, Raulandsakademiet Akademiet 2, Rauland

Foto: Torje Bjellaas.

Følg oss på sosiale media