Dirigenten

Vår faste dirigent Anne-Line Sandegren har permisjon hausten 2017 og våren 2018. Vi i Blåne er glade for å ha fått Mari Eckhoff Tveito som vikar.

Mari er ein allsidig songar, dirigent og komponist, utdanna ved Rytmisk Musikkonservatorium i København. Tveito har turnert og gjeve ut plater både som soloartist og med ulike ensemble, mellom anna den Grammy-vinnande improvisasjons-vokalgruppa IKI. Ho har samarbeidd både med Bobby McFerrin, Dansk Radios Bigband og fleire av Danmarks mest framståande jazzmusikarar. Mari E. Tveito har vore vikardirigent for Blåne frå oktober 2017.

 

 

Følg oss på sosiale media