Blåne deltek på Mozart på 123 i Nynorskens hus

Helga 10.–12. november 2017 vil Engegårdkvartetten og Nynorskens hus skape eit møte med guten, mannen, musikaren og komponisten Wolfgang Amadeus Mozart.

Internasjonalt anerkjente klassiske musikarar møter folkemusikarar, dansarar, akademikarar og studentar på denne festivalen der Mozart blir undersøkt og formidla gjennom konsertar, tekstar, samtalar, scenekunst og dans. Under festivalen kan du oppleve nokre av Mozarts meisterverk som truleg aldri har vore framført i Noreg (KV 123 og 205) og nokre som truleg aldri har vore spela i si heilheit i Oslo (KV 334). Festivalen Mozart på 123 tar også med nokre av hans mest elska verk for kammerensemble, song, klaver og kammerorkester. Festivalen har tre hovudkonsertar, to kafékonsertar med servering og eit ball, der tradisjonane frå Mozart si tid møter norsk folkekultur.

Festivalens heim er Nynorsken hus, medan konserten på søndagen kl. 19 er i aulaen på UiO.

Blåne deltek på BALL K.. 18:00–01:00:

Ei scenekunstframsyning i regi av Morten Espeland og Erlend Samnøen. Dansefest med kontradans, polonesar, vals, Tryllefløyten og Leopold Mozarts Leketøysymfonien. Dansemeister: Vegar Vårdal

Med Oslo Camerata, Storbygard, Den mangfaldige scenen, Nordberg Strykeorkester, Songlaget i BUL, Blåne, Leikarringen i BUL, Bærum Bal selskap og publikum!

Les meir på Nynorskens hus

Dato
11. november 2017
Kl.18.00

Følg oss på sosiale media