Vi vil halde folketonane levande

Namnet Blåne speglar koret sitt repertoar, kultur og lynne. Vi søkjer blåtonane i folkemusikken.

Bygdelagskoret Blåne er eit blandakor, med for tida omlag 35 medlemmer. Vi vil gjerne halde eit høgt ambisjonsnivå som amatørkor, og har ein dyktig dirigent med solid musikkutdanning. Songane er i hovudsak norske folkesongar, med eit utval utanlandske folkesongar, dei fleste på nynorsk eller dialekt. Koret har i mange år lagt sterk vekt på norske folketonar, og arbeidd mykje med å vidareutvikla folketoneklangen i koret. Blåne er eit av dei få kora i landet som utforskar og formidlar folkemusikk på ein mest mogleg autentisk måte, både når det gjeld tonesetting og klang.

Vi tek inn nye songarar etter prøvesang for dirigenten. Du er velkomen innom for å høyre på, og finne ut om dette er noko for deg.

Vi øver måndagar kl.18:45–21:15 i storsalen i Nordahl Bruns gt. 22 (i BLS-gården, bak Blitz).

Kontakt:

Guro Berge Smedshaug tlf 97 19 21 08 / e-post: post@bygdelagskoret.org

Følg oss gjerne på Facebook.

Følg oss på sosiale media