Blåne på pinsetur til Estland: To konsertar i Tallinn

I pinsa reiser vi til Estland, og da skal vi mellom anna møte koret August07, som held til i Rapla, rett utanfor Tallinn, og ha ein konsert i lag med dei i gamlebyen i Tallin, i Katariinakirken. Vi skal og ha ein utekonsert i Danskekongens hage i gamlebyen.

Koret August07

August07 vart etablert av ein liten krets vener som fann ut at dei ville delta på songfestivalar, ikkje berre høyre på andre. I starten var dei ti songarar, men no er dei nærare tretti songarar i alderen 30–70 år. Repertoaret er i hovudsak estiske korklassikarar, tidligmusikk og folkesongar av Veljo Tormis og Pärt Uusberg. Dei seier at å møtes ein gong i veka gjer dei moglegheit til å flytte grenser og lære noko nytt kvar gong. Dette takkar dei i stor grad dirigenten Urve Uusberg for. Ho er ein kjend kulturarbeidar i Rapla, og ledar og tre andre kor. Dirigent Urve Uusberg har leiat kor og organisert lokalt kulturliv i Rapla sidan 1975. Ho har ved fleire høve fått heidersteikn for sitt eineståande engasjement. Ho har og motteke den prominente prisen for kormusikk i Estland, Gustav Ernesaks-stipendet.

Dei største prestasjonane til koret så langt er deltaking i den nasjonale songfestivalen i Estland i 2009 og 2014, og i tre nordisk-baltiske korfestivalar (2010 i Reykjavik, 2012 i Helsinki, 2015 i Riga). I 2016 deltok dei i den internasjonale korfestivalen i Barcelona. Dei har og vore på tur til Noreg i 2013, der dei møtte Sandnes Songlag frå Vallersund.

Dato
4. juni 2017

Følg oss på sosiale media