Dirigenten

Dirigent Anne-Line Sandegren har vore dirigent og musikalsk leiar for Bygdelagskoret Blåne i perioden 1993-2007, og frå november 2009.

Arbeidet ho gjer med å utforske formidling av folketonar for eit blandakor på folketoneklangens premissar, kan reknast som eit pionerarbeid. Bygdelagskoret Blåne er eit av dei få kora i landet som utforskar og formidlar folkemusikk på ein mest mogleg autentisk måte, både når det gjeld tonesetting og klang.

Anne-Line har ei innhaldsrik song- og dirigentkarriere bak seg. Ho har dirigert damekor, blandakor og skulekor sidan 1984. Ho har også sunge sjølv, mellom anna i Solistkoret og i Oslo Kammerkor.  Anne-Line er utdanna frå Universitetet i Oslo, mellom anna med musikk storfag ved Musikkvitskapleg institutt, der song var instrumentet hennar. Med Anne-Line får koret fram eigenarten i folkemusikken både i klangen og arrangementet. Folkemusikk blir tradisjonelt framført i nær kontakt med publikum.

Følg oss på sosiale media