Foto: Frederic Boudin

Blå jul – Nils Økland og Bygdelagskoret Blåne med vakre folketonar

Bygdelagskoret Blåne er stolte og glade over å ha fått til eit samarbeid med Nils Økland. Han er ein felespelar og komponist frå Haugesund, som jobbar i gråsona mellom folkemusikk, klassisk musikk, improvisasjon og moderne musikk. Han har vore solist med ulike orkester i mange europeiske land og hatt fleire turnear for Rikskonsertane, turnear og prosjekt i Kina, Japan og Midt- Østen, i tillegg til konsertar på festivalar i Norge.
Les meir om Nils Økland på heimesida hans.

På konserten får du høyre Nils Økland i samspel med koret. Han skal òg framføre eit par solonummer. Her vert det både kjende og mindre kjende julesongar. Vi lovar ein stemningsfull kveld.

Dirigent: Anne-Line Sandegren

Sagene kyrkje, Dannevigsveien 17.

Bill. i døra 200. Born under 16 år gratis.

Førehandssal 150 (må skje innan 8. desember. Da kan du hente billett i døra.)
Til kontonr: 7878.06.06184. Merk innbetalinga: Blå jul.
Til Vippskonto nr. 20513, eller søk etter Bygdelagskoret.

Facebook-sida for konserten

Konserten er støtta av Oslo kommune.

Kart Sagene kyrkje

Dato
10. desember 2016
Kl.18.00

Følg oss på sosiale media